Heile Rogaland er oppmoda til å lesa same bok i haust, og forfattaren Kjartan Fløgstad kjem til biblioteket i Ølen på besøk. Det gjer også Erika Fatland, Jørn Lier Horst, politiet og bamsen deira Eddie
Bøker er eit sjølvsagt fokus for bibliotekar Guri Ravatn og biblioteksjef Any Heggebø, og haustprogrammet rommar mykje spennande både av bøker, forfattarar og arrangement.
— Mellom anna skal det vera bamsedag for barn, forfattarbesøk av fleire forfattarar, konsert og debatt i løpet av kommande år, seier bibliotekar Guri Ravatn. Ho legg til at det er blitt ein tradisjon i Rogaland å gi ei gratis bok til alle som måtte ønskja å få den i hende, og i år er det Kjartan Fløgstad si bok Grand Manila som ligg tilgjengeleg på ymse stader i heile fylket.
Meir om haustprogrammet kan du lesa i måndagsutgåva av Grannar.