Det blei like etter kl 16.00 meldt om brann i Skjold, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Naudetatane er på veg.
Operasjonsleiar Trond Friberg opplyser til Grannar at det dreier seg om ein ulmebrann i ein einebustad.
— Alle har kome seg ut og er i sikkerhet, fortel operasjonsleiaren ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Einebustadn ligg i lia like bak bensinstasjonen. Politiet kan førebels ikkje seia noko om årsak.