Etne – Skjold 3-5 (3-4): Fotballsesongen er over i 4. divisjon, og Etne avslutta med tap på heimebane mot Skjold fredag kveld. Før siste serierunde var det avgjort at laget ville rykka ned etter éin sesong i divisjonen.
Det blei ein heidundrande første omgang med heile sju mål, og der vertane kjempa den langt betre tabellplasserte motstandaren frå Tysvær ut av stilen. Etne leia både 1-0, 2-0 og 3-1. Til slutt var det likevel Skjold som stakk av med sigeren og alle poenga. Den siste skåringa kom heilt på tampen av oppgjeret.
Etne har sluffa stort i sesongen, men hadde ein god avslutning og var ikkje langt unna fornya kontrakt i divisjonen. Status er fem sigrar, to uavgjort, 15 tapt og totalt 17 poeng. Det er to sigrar frå fornya kontrakt. Målprotokollen viser 31-65.
Madla tar steget opp i 3. divisjon, medan Etne får fylgje med Nord ned éin divisjon.
I sesongen 2015 vil distriktet ha eitt lag i 4. divisjon – Vats 94 Skjoldar, og heile tre lag i 5. divisjon; nyopprykka Skånevik, Ølen og Etne.
4 DIV MENN AVD 03 2014
Lag Spela kampar Poeng
1 Madla 22 60
2 Djerv 1919 22 58
3 Vedavåg Karmøy 22 40
4 Avaldsnes 22 39
5 Skjold 22 29
6 Buøy 22 29
7 Voll 22 26
8 Haugar 22 23
9 Skudenes 22 23
10 Hana 22 22
11 Etne 22 17
12 Nord 22 12