Ingen kom til skade då eit eldre trehus i Skånevik sentrum brann ned til grunnen tidleg 1. juledag. Ein ung familie med to småborn, som budde i huset, var på julebesøk med overnatting hos ein slektning ein annan stad i bygda, då brannen oppstod.
— Huset har brunne meir eller mindre ned og det er omtrent berre pipa som står igjen. Familien har mista alt dei eigde, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Grannar.
Han fortel at det var sterk vind under brannen og at det var stor fare for at elden skulle spreia seg. Utne-Reitan rosar det lokale brannvesenet for god innsats.
Brannen blei meldt kl 05.50 og det viste seg at huset stod i full fyr då brannvesenet kom. Huset står i sentrumsgata med fleire hus tett inntil. Familien budde i andre etasje. I første etasje er det garnbutikk.
Operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan seier at politiet førebels ikkje kan seia noko om brannårsak.
— Me startar med vitneavhøyr i dag, og vil seinare gå inn med teknikarar på åstaden.
Det gamle trehuset like ved bakeriet i Skånevi, fungerte som telegraf for mange år sidan og blei rekna som ein ærverdig og flott bygningen.