I desember er det 15 år sidan Old River Saloon i Etne såg dagens lys. Sidan den gong har etablissementet etablert seg som ein fast og populær møtestad for publikum som vil kosa seg i helgene til musikk frå kjente og kjære artistar.
Vertskapet, Aslaug Olden Mala og Mala slår på stortromma kommande laurdag, og har invitert to 80-talets mest populære norske rockeband i skjøn foreining til å stå for underhaldninga. Stage DolIs og Return koplar seg denne gongen saman og rullar ut frå stasjonen med sitt juleshow Norwegian rock´n´roll train.
Dei to banda har lenge snakka om at det hadde vore svært morosamt å laga eit komplett show der dei køyrer samanhengande frå start til mål. Dei lovar mange landeplager som til dømes: Sing me a song, Bye Bye Johnny, Love don’t bother me, Hard to say goodbye, og dei vil satsa på lange, tunge og fartsfylte transportetappar med magiske stans på balladestasjonar undervegs.
Både Return og Stage DolIs er band som gjerne vil spela først, eller «varma opp» for andre band, og saman på scenen vil dei to banda dela litt på oppgåva når dei laurdag gjestar jubilanten i Etne. Dei uttalar at allsongrekordane vil bli grundig slått under denne turneen. Det blir eit 120 minutt langt show – utan pause. Sjølv om begge banda skal framføra kvar sine hitlåtar er litt av tanken bak denne turneen at publikum skal sleppa lange pausar med omrigging, noko som ofte er tilfelle når band har med seg mykje eige utstyr som skal av og på scenen.
— Dei lovar forrykande show på laurdag og ser fram til å møta alle saman, seier vertskapet på bygdeprærien.