Tysdag kontrollerte politiet 46 sjåførar under ein åtferdskontroll på E134. Kontrollen fann stad aust for Etne sentrum, mellom klokka 12 og 13. Alle var utstyrt etter forskriftane og ingen snakka i mobiltelefon. Dermed kunne alle køyre videre utan merknad frå lovas lange arm.