— Me er godt fornøgd med dette, seier John Gunnar Johnsen, kultursjef i fylkeskommunen.
I fjor fekk Rogaland 1,15 millionar kroner i tilskot, så årets tildeling gav ein markant auke, skriv Rogaland fylkeskommune på si nettside.
Kulturminnefondet bidrar med gjennomsnittlig 30 prosent av kostnadene i kvar prosjekt. For fire av fem prosjekt er denne støtta avgjerande, viser ei brukarundersøking i regi av Norsk kulturminnefond.
Mange søknader
Frå Rogaland kom det inn 40 søknadar fir 2015, ti færre enn i fjor. 13 av disse får til saman tre millionar i støtte frå Norsk Kulturminnefond.
Dette er:
Mortholmen Sildesalteri, Karmøy kommune
Davehuset på Vibrandsøy, Haugesund kommune
Trovåg Mølle, Vindafjord kommune
Administrasjonsbygg og arbeidarbustad på Vigsnes Grubeområde, Karmøy kommune
Inngangsdør til Bjørnøygata 23, Stavanger kommune
Laftet hus, Sokndal kommune
Forsamlingshus, Haugesund kommune
Jonas Liesgate 5, Haugesund kommune
Gammelt Lysthus/paviljong, Haugesund kommune
Vindauga i Kirkebakken 34, Stavanger kommune
Ueland skule, Lund kommune
Grindaverksløa på Gjerde, Vindafjord kommune
Trafikkhuset, Haugesund kommune
Oversikten frå Norsk kulturminnefond viser at Trovåg Mølle fekk 8.500 kroner, medan Grindaverksløa på Gjerde fekk heile 412.000 kroner.
Kulturminnefondet bidrar med gjennomsnittlig 30 prosent av kostnadene i kvart prosjekt. Det betyr at det blir utløyst 150 millionar private kroner i tillegg til dette. I alt vil det i 2015 bli brukt 220 millionar kroner til bevaring av verneverdige kulturminne i landet der Kulturminnefondet er involvert.