— Me arrangerer i år Skånevik Bluesfestival for 19. gong, og me prøver alltid å tenkja litt nytt i forhold til både festival og program. I år var tida moden til å endra litt på konsertarenaane, og løysinga me har kome fram til trur eg blir kjempebra. Me har brukt mykje tid på å jobba fram dette, seier Christophersen.
Alt på ein plass
Som kjent har tidlegare bluesfestivalar vore arrangerte med konsertar både i arenateltet ved idrettshallen, ved House of Blues og på hotellplenen ved fjordhotellet. I år kjem dei fleste konsertane til å finna stad på lekteren ute på hamna, mens hotellplenen kjem til å fungera på same vis som tidlegare.
For mange vil dette vera ei god nyheit. Folk vil dermed ikkje oppleva at dei må velja mellom to konsertar som gjerne har gått av stabelen på same tidspunkt, men i kvar sine konsertlokale. Dei treng heller ikkje vera nøydde til å gå fram og tilbake mellom arenateltet og House of Blues, då alt føregår på ein og same stad.
trur folk kjem til å oppleva dette som ei veldig sosial og kjekk ordning
— Eg trur faktisk folk kjem til å oppleva dette som ei veldig sosial og kjekk ordning. Ute på lekteren kjem me til å ha både sitjeplassar, matbodar og ståplassar framfor scenen, og inne på House of Blues vil det bli bar og festlokale som før, seier Christophersen. Han legg til at han registrerer at det skjer mykje rundt om i distriktet i juli, og dersom bluesfestivalen skal uvikla seg, må ein heile tida tenkja nytt.
— Eg føler me har gjort noko spenstig i år, og eg er sikker på at folk blir fornøgde med dette, seier han.
Frå telt til lekter. Bluesen går nye vegar for å kutta kostnader og tekka publikum. Lekteren vil bli ankra fast i området bak Alf Warlo Christophersen. Foto: Grethe Hopland Ravn
Sikker lekter
Lekteren er leigd inn frå Eide marineservice i Høylandsbygd, og blir i sin heilskap slept inn til Skånevik. Her skal han ankrast opp skikkeleg, og rundt heile lekteren vil det vera fastsveisa høge gjerde.
— Me har allereie vore i møte med både politi, brannvesen, lege og Røde Kors, og dei alle har vore positive. Det synest me er kjekt, seier han og røper at han på ingen måte er bekymra for sikkerheita til festivaldeltakarane, for den skal vera godt i varetatt.
Den største utfordringa ifølgje bluessjefen blir å få rigga til scene, lyd og alt som skal av og på lekteren i forhold til artistskifta.
Økonomiske kutt
Litt av grunnen til denne nye vrien har også vore økonomiske omsyn.
— Me har klart å kutta kostnadane betrakteleg ved å gjera det på denne måten, og det var me også nøydde til, seier han.
Då Skånevik Bluesfestival starta opp i si tid, var det ikkje så mykje som skjedde i distriktet på festivalfronten, men dei seinare åra har dei fått merkbart større konkurranse om publikumet. Derfor har det vore nødvendig å knipa inn på utgiftsposten, og det ser det no ut til at dei skal klara.
— Arbeidsmengda blir nok litt mindre ved at me samlar arrangementet på éin plass. Me kan med dette kutta ein del av vakthaldet, og når det kjem til idrettshallen kan me utføra mykje av arbeidet med både sanitærvask og kafédrift sjølve, seier Christophersen.