Kvelertak spelar sin andre konsert i Grannar-distriktet. Bjarte Lund Rolland til venstre og Erlend Hjelvik i front. Pressefoto
Kvelertak spelar sin andre konsert i Grannar-distriktet. Bjarte Lund Rolland til venstre og Erlend Hjelvik i front. Pressefoto

Endeleg i heimbygda

Vokalist Erlend Hjelvik (30) gler seg til i spela heime i Vikedal for aller første gong. Kvelertak tar turen til årets rootsfestival.

Bandet som oppstod i Stavanger i 2007, har oppnådd stor suksess langt utover landets grenser, og har turnert over store deler av verda etter gjennombrotet to år etter oppstarten. Det er spesielt som liveband at Kvelertak har vunne sitt publikum, og dei har hatt glede av å varma opp for verkeleg store namn, som Kiss.

På tide eg kjem heime med musikken

— Det er på tide at eg kjem heim med musikken, seier Erlend Hjelvik til Grannar.

To lokale

Bandet med to lokale medlemmer, gitarist og låtskrivar Bjarte Lund Rolland frå Etne og vokalist og frontfigur Erlend Hjelvik frå Vikedal, er sjeldan på jobb i dette distriktet, trass sine sterke røter her. Ein konsert på Etnemarknaden i 2011, er einaste lokale opptreden for sekstetten før dei entrar scenen i hovudteltet under Rootsen fredag 17. juli.

For Hjelvik blir dette ei spesiell oppleving, å spela heime for kjente og med foreldra på plass blant publikum.

— Me gler oss veldig til dette. Og så ser eg fram til å visa resten av bandet kor fint det er i Vikedal, seier 30-åringen som er busett i Stavanger.

Heile verda

— Det er ei stor glede for oss å presentera Kvelertak. Bandet har med sine to album, hausta stor suksess i både Europa og USA, og dei siste åra har dei opparbeidd seg eit rykte som eit fantastisk liveband, seier bookingansvarleg Stig Morten Sørheim i Vikedal Roots Music Festival.

Det populære hardcore/metal-bandet blei den store «snakkisen» på by:larm i 2009. Dei fekk Spellemannsprisen for årets nykommar i 2010 med det sjølvtitulerte debutalbumet. Året etter fekk dei Statoilstipendet på éin million kroner under by:larm, og då dei i 2013 gav ut album nummer to, Meir, vart dei heidra med nok ein Spellemannspris.

Bandet kjent for sine kraftfulle livekonsertar, er svært ettertrakta på festivalar. Dei siste to år Kvelertak turnert spesielt mykje i USA og Europa, i tillegg til i heimlandet, men har også hatt spelejobbar i Asia og Australia. Rundt 150 reisedøgnet i året har det blitt og truleg opp mot 300 konsertar så langt. Bandet har organisert seg gjennom sitt eige aksjeselskap, og ein omsetning på over 7,4 millionar kroner i 2013, dokumenterer den store aktiviteten og apparatet.

— Spesielt

— Å spela på Rootsen blir spesielt for meg, ettersom det var her eg hadde mine første jobbar og møte med livemusikken i ungdommen. Som 14-/15-åring hadde eg ulike gjeremål på festivalen, blant anna som parkeringsvakt og med å strekkja kablar på scenen. Av band minnest eg Vestlandsfanden og Dubliners, seier Erlend Hjelvik.

Han fortel at det blir ein del festivaljobbar i sommar, og at bandet i haust samlast for å førebu det tredje albumet.

— Musikalsk blir det ingen store endringar, men kanskje meir i rock sjangeren og framleis tekstar på norsk. Planen er å gi ut albumet i slutten av året eller tidleg neste år, seier Erlend Hjelvik.