Siger på bortebane

Fredagens kamp mot Skudenes enda med siger for 4. divisjonslaget Vats 94/Skjoldar, som kunne dra heim frå Skudenes med 2 mål i bagasjen. For heimelaget vart det ein målfattig kamp der ingen ballar enda i mål og bortelaget frå Vindafjord hadde all grunn til å jubla over eigen innsats.

— Dette var ein tøff kamp og alt gjekk rimeleg bra. Me hadde god kontroll på kampen heile tida og var det beste laget gjennom heile kampen, seier lagleiar Per Ivar Innvær nøgd.