Arm i klem

Ein arbeidar på ei bedrift i Etne blei frakta til sjukehus i Haugesund tysdag ettermiddag. Konstituert lensmann i Vindafjord, Arild Austrheim opplyser at arbeidsuhellet skjedde i samband med reinhald av ein betongbil. Mannen i 30-årsalderen fekk ein arm i klem. Politiet har oppretta sak og Arbeidstilsynet er rutinemessig kopla inn.