— Me ser svært alvorleg på situasjonen då den rømde laksen er gytemoden. Me veit ikkje kor mange laks som har rømd og mange av elvane i Hardanger er små og sårbare, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding fredag.
Ingen oppdrettarar har så langt tatt på seg skylda for hendinga.
Fisken som er fanga er på mellom fem og åtte kilo. Fiskeridirektoratet har tidlegare slått fast at det truleg er snakk om ei enkelt rømming.
— Så lenge opphavet er ukjend er det vanskeleg å sikkert slå fast kor mye fisk det er snakk om, skriver direktoratet.
Direktoratet meiner den rømte laksen truleg stammer frå fisk sett i sjøen hausten 2013 eller våren 2014.
Fiskeridirektoratet har fått færre meldingar om fangst av rømt oppdrettslaks den siste veka.
I Etneelva er det sidan 24. juli berre tatt ut fire oppdrettslaks i den aktuelle storleiken frå fella. Frå onsdag til fredag er det berre teke ut tre. Men totalt har ein tatt opp 73 fisk sidan alarmen gjekk 7. juli.
Direktoratet oppmodar folk om å melde inn fangstar og observasjonar til sin døgnopne vaktsentral: 03415.