For sju-åtte år sidan sto den utflytta bjoabuen Linn Gjerde for Bjoa LagerLyd. Etter den tid flytta ho ut av bygda og busett seg på Lye ved Bryne. Lysta for å arrangere festligheiter tok ho med seg, og saman med to andre arrangerte ho Flyselskap i Stavanger i februar. No har ho tatt med seg konseptet heim til Bjoa.
— Å arrangere på Bjoa er jo noko av det kjekkaste eg gjer!
Gøyblikk
Gjerde gler seg til å opne dørene for «Flyselskapet» i september. Saman med to andre oppretta ho eventbyrået Gøyeblikk, som skreddarsyr eventar for bryllaup, vennefestar, team building med meir. Dei held til i Stavanger-området, men tar no altså turen over fjorden. Ideen fekk dei frå bandet som skal spele, Taxi Takeoff & Landing. Etter å ha arrangert jubileet deira, så klart med fly-tema, såg dei at arrangementet blei såpass vellykka at dei ville prøve seg igjen.
oppfordrar folk til å kle seg ut etter klassen dei reiser på
— Det var litt pengar igjen etter LagerLyd, og dei ville eg gjerne bruke til å arrangere noko nytt på Bjoa, fortel Gjerde.
Ho synest det er kjekt at Vindafjord kommune har slept dei til, og festen på grendehuset har fått godkjent skjenkeløyve for kvelden.
Gjennomført tema
Kvelden blir lagt opp som ei flyreise, med dansegolv like føre cockpit. Folk kan velje mellom bilettar til fyrste-, business- eller økonomiklassen. Dei to fyrste klassane vil få dei beste seta og blir varta opp litt ekstra.
— Me oppfordrar folk til å kle seg ut etter klassen dei reiser på, og den tydlegaste representanten får premie, seier ho.
Dei som ikkje har lyst å kle seg ut, kan kome i vanlege klede.
— Det er berre for løye, folk må kome slik dei vil, understrekar ho.
Kompanjong?
I tillegg har arrangørane lagt til ein liten detalj som gjer det mogleg for eventuelt single bygdabuar å opplyse om nettopp dette.
— Dei som har lyst skal få seg eit lite skilt med «eg reiser aleine» på, seier ho med eit glimt i auga.
Så her er det mogleg for alle og ein kvar å få seg ein reisekompanjong for kvelden, og kanskje lenger?
Elles blir det mogleg å handle seg snacks i taxfree-vogna og forfriskingar i flybaren. I tillegg til bandet Taxi Takeoff & Landing, med Bjørn Olav Skjæveland, kjent frå NRK i spissen, blir det underhaldning frå eit lokalt band, som består av Geir Gjerde, Thorleif Ulset, Odd Arne Løyning, Jan Inge Høgstøl og Sigmund Liknes.
Gler seg
Arrangørane i Gøyeblikk er spente på korleis konseptet deira blir motteke, men har stor tru på både Bjoabuen og dei i bygdene elles.
— Me håpar jo også at hyttefolket kjenner si besøkstid, og tar turen innom når det fyrst skjer noko, oppmuntrar ho.
— Når billettsalet kjem i gang, vil me sjå om det kan vere moglegheiter for å setje opp ei flybuss-rute, fortel arrangøren.
På denne måten kan folk kome seg frå A til Å på enkelt vis.
Foreløpig håpar dei på godt billettsal, og det vil lønne seg å vere tidleg ute. Billettane på dei to øvste klassane er begrensa, og i tillegg vil dei som er tidleg ute få seg eit godt tilbod. Akkurat slik det alltid er når ein skal ut og fly.