5. div herrar
Etne – Leirvik BK 2-5(2-2)
Fredag kveld kom Leirvik BK på besøk til Etne. Heimelaget gjekk optimistisk til verks etter å ha starta haustsesongen med ein fin bortesiger mot Ferkingstad. Etne hadde banespelet i store delar av kampen, men det knytte seg føre mål. Dei kom til mange sjansar i kampen, men ei blanding av uflaks og puslete avslutningar gjorde sitt til at det vart med to mål denne kvelden. Leirvik fekk eit stort bakrom å boltre seg i. Spesielt den utflytta Ølensbuen Espen Vaka fekk gode arbeidstilhøve på topp for Stord-laget. Leirvik var mykje meir kliniske i sine avsluningar, og gav seg ikkje før dei hadde sett inn fem mål. Leirvik spelte endåtil 2. omgang med 10 mann då ein Leirvik-forsvarar felte ein Etne-spelar på veg igjennom. Dette skjedde etter 46 min på stillinga 2-2. Leirvik vann altså 2. omgang 3-0 sjølv med berre 10 mann på bana. Kristoffer Grønstad og Åsmund Nordheim skåra for Etne, medan Espen Vaka og Jørgen Almås hadde to mål kvar for Leirvik. Dette sender Leirvik opp på 3. plass på tabellen, medan Etne står med sine 14 poeng på 14 kampar. Dette held til ein førebels 8. plass, 3 poeng over nedrykkstreken.