Varaordførar Siri Klokkerstuen, fungerande rådmann Vegard Bang og NAV-leiar Jan Ivar Bringedal utgjer delar av krisestaben som no er i sving på tinghuset i Etne.
Varaordførar Siri Klokkerstuen, fungerande rådmann Vegard Bang og NAV-leiar Jan Ivar Bringedal utgjer delar av krisestaben som no er i sving på tinghuset i Etne.

Vart ikkje informert om den første lekkasjen

Først då den andre alarmen gjekk i 13.30-tida vart det sett krisestab i Etne kommune i samband med lekkasjane på Tongane onsdag. — Me vart ikkje varsla tidleg nok ved den første lekkasjen. Det syns me er alvorleg, seier varaordførar Siri Klokkerstuen.

Fungerande ordførar Siri Klokkerstuen leier i ettermiddag krisearbeidet i Etne saman med resten av den kommunale krisestaben på tinghuset.

— Me sat i eit evalueringsmøte etter at den første evakueringa opphøyrde då alarm nummer to kom. Då sette me kriseleiing straks, fortel ho.

— Alvorleg

Klokkerstuen seier at det er på oppmoding frå politiet krisestab har vorte satt på tinghuset. Ho seier ho synes det er alvorlig at ikkje kommunen vart varsla om saka på et tidlegare tidspunkt, og seier at mykje av arbeidet dei har sett i gong i ettermiddag kunne ha vore gjort i morges om dei var varsla tidlegare. Utover det ønskjer ho ikkje å kritisere nokon no, då dei har fokus på å hjelpe dei som treng det i situasjonen som har oppstått i ettermiddag.

Det har ikkje lukkast Grannar å få kommentar frå politiet om kvifor kommunen ikkje vart varsla ved den første lekkasjen. Men Grannar vet at det er loggført klokka 10.51 at innsatsleder, lensmann Ingvar Gjærde, var i kontakt med Siri Klokkerstuen. Ein sette i gong evakuering av Tongane klokka 09.43 ifølgje den samme loggen.

På kort tid har kommunen no fått ordna det slik at Enge skule held igjen elevar som bur i det nye evakuerte området som strekk seg opp til vegen utanfor tinghuset. Til dømes er heile rekka det Etne sparebank held til innanfor evakueringsområdet. Vidare strekk området seg ned til og med Skakkesenteret.

Opnar Rygg barnehage

Folk som har behov for tak over hovudet får tilbod om det på Rygg barnehage. Der har barnehagestyraren gjort det klart at ho blir verande så lenge folk treng ly.

Det er om lag 25 bustadar og inntil 80 med bustadadresse i området som no er evakuert.

Mens fleire private personar opplevde å verken bli evakuert eller få informasjon då den første alarmen gikk i dag, går Etne Røde Kors no rundt og bankar på kvar einaste dør for å varsle folk.

Kommunen har oppretta ein egen telefon til innbyggjarar som ønskjer informasjon. Dei kan ringe 53 75 80 24.

Les meir om evakueringa her.