Starten på ei landsomfattande aksjon. Elevar varmar opp til jogg i skulegarden på Skånevik skule til inntekt for syriske flyktningar. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Starten på ei landsomfattande aksjon. Elevar varmar opp til jogg i skulegarden på Skånevik skule til inntekt for syriske flyktningar. Foto: Grethe Hopland RavnBilde 1 av 3
Full fart oppover i terrenget.
Full fart oppover i terrenget. Bilde 2 av 3
Utfordrar andre skular til å bli med. Primus motor for elevdugnad.no, Janne Nerheim.
Utfordrar andre skular til å bli med. Primus motor for elevdugnad.no, Janne Nerheim. Bilde 3 av 3

Jogg for Syria kan bli landsomfattande

Å gjera ein innsats for flyktningane frå Syria låg i bakhovudet på elevane, når dei klargjorde kroppane sine for skulejogg. Nå kan starten i Skånevik utvikla seg til ein landsomfattande aksjon.

Alle dei 105 elevane ved Skånevik skule samla seg sist torsdag til felles oppvarming i skulegarden, for så å leggja ut på ein joggetur i skauen. Runden dei skal springa er på 1,25 kilometer og målet for elevane er at dei skal springa så mange rundar som dei berre maktar. For kvar runde innkasserer dei nemleg ein avtalt sum frå kvar av sponsorane sine, alt frå 20 kroner til over 100. 

— Alle elevane har fått ansvar for å skaffa seg sponsorar sjølve, og fleire har fått mange sponsorar på lista si. Dei fleste har fått med seg foreldra sine, men mange har også spurt både naboar, foreldra sin arbeidsplass eller andre bedrifter som har sagt seg villige til å bidra. Og målet vårt er å få inn 15.000-20.000 kroner på dette, opplyste elevrådsleiar og 9.klassing ved Skånevik skule, Aina Katrine Nordbø rett før løpet starta.

Fekk inn over 56.000

Då oppvarminga på skuleplassen var gjennomført bar det oppover i skauen, der startskotet for løpet gjekk. Alle elevane starta friskt og nokre var meir uthaldande enn andre. Det var sett av ein klokketime til løpet og elevane gjennomførte alt frå tre til elleve rundar kvar.

— Me synest dei alle har gjort ein utruleg god innsats, og målet vårt var nådd allereie etter at berre tre klassar sitt resultat var opptalt. Til saman fekk me inn 56.277 kroner og det er over all forventning, seier lærar ved skulen, Kari Johansson.

Ho fortel vidare at mellomtrinnet i neste veke vil driva kantine på skulen og småskulen planlegg ein marknadsdag litt seinare på hausten, der alle inntekter skal gå til flyktningane i Syria.

Elevdugnad.no

Bakgrunnen for at heile Skånevik skule har engasjert seg i å hjelpa flyktningane frå Syria, er eit engasjement frå Janne Nerheim i Skånevik. Ho har lenge tenkt at ho har lyst til å bidra og gjera ein innsats saman med ungdommen i bygda. Ho tenkte tilbake på sine seks år som debattleiar og debattjournalist i Bergens Tidende, og ho gløymer ikkje engasjementet blant ungdomen der.

— Eg tok kontakt med Flyktningehjelpen som er den einaste organisasjon i Noreg som er spesialisert på å hjelpa menneske som er på flukt. Dei er der det skjer og veit kva som trengst. Eg hadde eit ønskje om å gjera min del for desse flyktningane og me gjekk inn for eit offisielt samarbeid, seier Nerheim.

Ho oppretta nettsida elevdugnad.no der alle skular kan starta sin eigen innsamlingsdugnad for å hjelpa syriske flyktningar. Ein kan selja bollar, vaska bilar, arrangera loppemarknad, og kvar skule kan setja opp si eiga innsamling slik at alle får følgja med på kor mykje pengar den enkelte skule får samla inn. Til dømes har elevdugnaden i Skånevik fått inn tusen kroner frå privatpersonar, utan om pengane som blei samla inn igjennom skulejoggen. Og det berre i løpet av to dagar.

Kjenna på det gode

Nerheim er no i gang med å spreie bodskapen om elevdugnaden på både sosiale nettverksider og i direkte kontakt med andre rektorar. Målet er å nå så mange skular i landet som mogleg, slik at innsamlinga til Flyktningehjelpen monnar. Og når Skånevik skule åleine klarar å samla inn over 56.000 kroner, kan det blir eit betydeleg beløp på sikt, dersom ein får mange skular med seg på laget.

— Eg har allereie fått signal frå fleire skular som ønskjer å vera med på dette, seier Nerheim.

Ho legg til at dette prosjektet er konkret og svært mogleg å gjennomføra. I tillegg kan det også styrka samhaldet på kvar enkelte skule.

— Eg trur det verda treng akkurat no, er ungdom som engasjerer seg. Eg synest også det er viktig å få lov til å kjenna på den gode kjensla ein får av å hjelpa andre. Eg trur også dette er ei god trening i å løfta blikket. Ingen av oss i dag veit korleis det er å leva i krig, seier småbarnsmora i Skånevik.