Ved 2-tida natt til tysdag fekk politiet melding om at det låg ein mann og sov i vegkanten mellom Ølen og Sandeid. — Me rykka ut og fann mannen. Det viste seg at han var på veg til Sandeid fengsel, men at han hadde sovna på vegen. Med køyrde han fram til målet, fortel lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.