E134 i Skjold var stengt i éin halv time i eine retning i samband med ei trafikkulukke måndag morgon.
Foto: Torstein Nymoen
E134 i Skjold var stengt i éin halv time i eine retning i samband med ei trafikkulukke måndag morgon. Foto: Torstein NymoenBilde 1 av 2
Kvesta autovern i Skjold E134
Bilde 2 av 2

Kvesta 200 meter autovern

Bakhjula på ein tilhengjar skal ha låst seg i sving-posisjon.

Om lag 200 meter av autovernet på høgre side av E134 aust for Vikanestunneln i Skjold vart skada då tilhengjaren til ein langtransport frå eit entreprenørfirma fór av vegen ved 07.30-tida måndag morgon. Transporten var på veg austover.

Vegen vart stengd

Det er ikkje meld om personskade i samband med hendinga

Som følgje av hendinga vart òg vegen sperra i mellom 20 og 30 minuttar før dei ved hjelp av ei gravemaskin fekk løfta hengjaren av grøfta og flytta heile transporten inn på ei sidelomme. Også vestgåande køyrefelt var stansa i om lag 10 minuttar i samband med å få køyretøy og hengjar vekk frå vegbanen.

Ikkje personskade

— Det er ikkje meld om personskade i samband med hendinga. Entreprenøren er på staden no for å vurdere skadane, fortel operasjonsleiar Håkon Tornes ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Grannar.