Slik ser det ut på E39 på Helleland sør i Rogaland. Det er 20 centimeter med overvatn, og Statens vegvesen ser det som sannsynleg at vegen blir stengt.
Foto: Statens vegvesen
Slik ser det ut på E39 på Helleland sør i Rogaland. Det er 20 centimeter med overvatn, og Statens vegvesen ser det som sannsynleg at vegen blir stengt. Foto: Statens vegvesen

Mest i Ryfylke

Statens vegvesen åtvarar bilistane.

Ekstremvêret med stor nedbør har herja mest i Indre Ryfylke og sør i Rogaland. Statens vegvesen går ut med ei oppfordringa om at folk bør la bilen stå dersom dei absolutt ikkje må ut på vegane, spesielt i dei mest utsette områda.

I tillegg til fylkesveg 520 med stor vassføring i Svandalsfossen i Sauda, står også E39 på Helleland sør i Rogaland i fare for å bli stengt.

I Hardanger har det gått ras på begge sider av Sørfjorden, på fylkesveg 550 og riksveg 13.

 Nord-Rogaland mindre

— Viss du ikkje må køyre i dag, så vil eg på det sterkaste oppmode folk om å halde seg heime, seier Eivind Stangeland, seksjonsleiar for drift og vedlikehald hos Statens vegvesen i Stavanger.

Han påpeikar at situasjonen kan endre seg på kort varsel fleire stader og fleire vegar kan bli stengde.

Det er mykje vatn på vegane rapporterer Statens vegvesen, spesielt i indre Ryfylke og sør i Rogaland.

Nord-Rogaland har så langt sleppt lettare frå ekstremvêret «Synne».

Norges vassdrags- og energidirektorat har framleis varsel om stor fare for jord- og snøskred på Vestlandet.

Det er meldt liten storm på kysten og i fjellet laurdag både i Rogaland og Hordaland.

Nedbøren skal halde fram også natt til søndag.