Såg godt nok

Politiet ville tysdag morgon kontrollere at folk hadde skrapa rutene på bilane sine skikkelig før dei la ut i trafikken. 41 bilar vart sjekka i Ølensvåg, og alle hadde tilstrekkeleg utsyn. — Veldig bra, seier Sør-Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Haugesund i ei Twitter-melding.