Lang kø og brann i eit vogntog skapar ekstra lang ventetid for bilkolonnene som presser seg gjennom stormkasta på Haukelifjell sundag ettermiddag. Ved 16-tida vart det meldt om heile 10 timar å vente for trafikken som skal vestover. Austover var det ved 16.30-tida berre ein time venting.
Brann i hengar
Det er ekstra lang kø frå aust som følgje av at vinterferien er slutt i Rogaland. På grunn av krevende vêrforhold tar Statens vegvesen med seg færre bilar enn normalt i kolonna. Ingen har kome til skade, og sjåføren klarte å løyse hengeren, som var full av kjøtt, frå trekkvogna som kom i brann mellom Røldalstunnelen og Seljestadtunnelen like før klokka 15.
Fyll opp tanken
Trafikkoperatør Leif Christen seier til NRK at dei som absolutt må over fjellet i dag, må følgje med på trafikkmeldingene på telefon 175 og sørge for å ha nok drivstoff og klær til å vente mange timar i bilen.