Siste:
Haukeland universitetssjukehus melder kl 22.10 onsdag kveld.
— Pasienten er død, pårørande er varsla.
Full alarm
Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund melder om ei ulukke på Fv. 46 mellom Sandeid og Vikedal. Ein bil har køyrt ut i sjøen. Redningsalarm er sendt ut.
Operasjonsleiar André Skram Hansen i politiet opplyser til Grannar kl 09.45 at ein person er funne og tatt ut av bilen. Det føregår nå hjarte- og livredning på vedkomande. Politiet undersøker om det er fleire personar i bilen.
Utorkøyringa skjedde ca to kilometer nordfor Vikedal like før klokka 09.00. Det er bratt terreng på staden. Vegane i området er svært glatte denne føremiddagen. Både dykkarar og redningshelikopter er rekvirert til den omfattande redningsaksjonen som nå pågår.
Personen som er tatt opp av sjøen, er sendt til Haukeland sjukehus med ambulansehelikopter.
Bilen om truleg frå nord og køyrte ut like ved ein sving. Utfor vegen er det stupbratt og bilen har hamna i sjøen like ved land.
Avslutta operasjonen
Bilen vart henta opp like etter klokka elleve og søket på staden er avslutta.
Operasjonsleiar Skram Hansen opplyser til Grannar at den skadde er i 30-årsalderen og er heimehøyrande i distriktet.
Politiet vil undersøke ulykkesstaden vidare saman med Statens Vegvesen for å prøva å finna ut kva som har skjedd.
Både ambulansar og helikopter er rekvirert til ulykkestaden like nord for Vikedal.
Foto: Irene Mæland Haraldsen