Mindre nøye med hytta

Nær 40 prosent sjekkar ikkje røykvarslaren på hytta si, viser ei ny undersøking.

— Dette er alarmerande, seier Solveig Hortman, leiar i brannførebyggande avdeling i Etne og Vindafjord brann og redning, og legg til.

— Røykvarslaren er nok den viktigaste brannførebyggande innretninga me har. For å vera trygg på at den verkar slik den skal, må den testast ofte. Aller helst kvar gong hytta blir tatt i bruk. Berre då kan ein vera trygg på at varslaren fungerer tilfredsstillande.

Over heile landet har folk frå brannvesen nytta tida før påsken til å treffa hyttefolket til ein hyggeleg prat om branntryggleik. Då deler dei ut ei minihytta som kan hengast opp ein sta i hytta for å gå ein god oversikt over kan ein må tenkja på for å unngå brann. Den har også eit magasin til ekstra røykvarslarbatteri slik at det alltid finst eit batteri i reserve.