Tok 20 for fart

Ein patrulje frå Vindafjord gjennomførte ein fartskontroll på E134 i Stordalen i Etne sundag ettermiddag. Éin mann mista førarkortet, medan 19 andre sjåførar fekk fartsbot. Det blei i tillegg gitt eit førelegg for mobilbruk. Høgaste fart var 117 km/t i 80-sone. Totalt 166 køyretøy blei kontrollert.