18 dagar i fengsel etter promille-køyring

Ein 19-åring frå Etne må sone 18 dagar i fengsel etter at han om kvelden 18. mars i år køyrde bil i Etne med ein promille på 0,89. Han hadde ein passasjer i bilen då han i høg fart køyrde utfor vegen i ein sving. Bilen trefte autovernet, hamna på taket og tok fyr. Verken domfelte eller passasjeren vart skada i ulykka. Haugaland tingrett meiner likevel køyringa utgjorde ein stor risiko både for han sjølv, passasjeren og andre som var på vegen same kveld. I tillegg til fengselsstraff må 19-åringen, som tilsto alt i retten, betale ei bot på 15.000 kroner og han er fråteken førarkortet. Først om 20 månadar kan han få førarkortet tilbake mot å ta ny full førarprøve.