Foto: MAGNE SKÅLNES
Foto: MAGNE SKÅLNES

Etne gjekk på heimetap

Etne låg 4 poeng føre Hemmingstad før kampen på Etne Kunstgrasbane fredag kveld. Kampen vart spelt i eit høgt tempo, og var spanande og dramatisk til siste slutt. To tidlege mål, eitt til kvart av laga, gjorde at det stod 1-1 til pause.

Hemmingstad gjekk opp til 2-1 etter kvilen, men Etne kvitterte ikkje lenge etterpå. Åsmund Norheim hadde tett markering på seg, men klarte likevel å skåre begge måla for Etne.

Heile stadion trudde at Etne gjekk opp til 3-2 mot slutten av kampen, etter eit frispark frå Sverre Fjæra. Men ballen var ikkje over linja meinte dommaren, til store protestar frå heimelaget.

I staden avgjorde Hemmingstad kampen nokre minuttar før slutt på eit velplassert skudd. Laget ligg nå berre eitt poeng etter Etne i kampen om 2. plassen.

Av laga i Grannar-regionen er det Etne som ligg best til på tabellen. Laget ligg 7 og 9 poeng føre Ølen og Vats94/Skjoldar. Ølen har ein hengekamp og kan nerme seg dersom dei vinn den.