• Bilete 1 av 9 - Johan Lundal har hatt ansvaret for røykinga av Åkrafjordpølsa i heile sitt vaksne liv. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

  • Bilete 2 av 9 - Lene Lundal Berge (22) fører tradisjonen vidare etter sin tipp-tipp-oldefar. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

  • Bilete 3 av 9 - Siri Lundal Hustveit hadde elev på skulebussen som blei stansa på veg inn i tunnelen.

  • Bilete 4 av 9 - Ny pakkemaskin på veg inn, tidleg på 80-talet. Kranførar er Ernst Hansen. Ingbert Markhus hjelper til, og oppe i døra på bygningen står Johannes Lundal. Foto: Privat

  • Bilete 5 av 9 - Eit gamalt bilete av garden i Londalen, der Johannes Lundal starta pølseprodukjson for sal i 1870. Foto: Privat

  • Bilete 6 av 9 - Rumenske Mihaly Jonas (t.v.) og Ioan Cismas har jobba i verksemda i fleire år, her i gang med å steike karbonadar.

  • Bilete 7 av 9 - Anne-Grethe Straumsøy pakker spekeskinke.

  • Bilete 8 av 9 - Rekord. I 1985 bar 50 bygdefolk verdas lengste spekepølse dei tre mila frå Teigland til Etnemarknaden. Foto: Privat

  • Bilete 9 av 9 - Lene Lundal Berge (22) er sjette generasjon i verksemda. Her det den kjende Åkerring-pølsa som er klar til å bli pakka.

Jubilerer med ope hus

Verken billett til Amerika eller den lunefulle Folgefonna har klart å stanse produksjonen av Åkrafjordpølsa, som har halde på sidan 1870.

av Torstein Tysvær Nymoen

Viktige hendingar

1870: Johannes Lundal startar opp med med pølseproduksjon i Londalen, etter å ha gått i lære hos Evanger på Voss.

1922: Lundal-familien flyttar frå Londalen til Mosnes.

1934: Det blir bygd eigne produksjonslokale på Mosnes.

1965: Store flaumar i Mosnes-elva og ras tving familien til å flytte frå Mosnes.

1966: Einar (29) og Johan Lundal (19) bygger kombinert bustad- og produksjonslokale på Teigland, og for første gong blir det heilårsproduksjon.

1981: Stor utviding med nytt produksjonslokale på Teigland.

1985: Johs Lundal & Sønner lagar verdas lengste spekepølse. 20,6 meter. Pølsa var opphaveleg 26 meter, men den knakk i produksjonen. 50 av grendas då 108 innbyggjarar var med og bare pølsa dei tre mila til Etnemarknaden kor den vart vist fram og skjært opp til smaksprøvar.

1998: Dei blir kåra til Noregsmeister i spekemat.

1999: Sal av varane blir flytta til det nye Åkrafjordtunet ved nye E134.

2015: Ny utbygging og investering i produksjonsutstyr og nye lokale for administrasjonen, eit løft til 12 millionar kroner.

2016: Markering av 50 års drift på Teigland.

Verken billett til Amerika eller den lunefulle Folgefonna har klart å stanse produksjonen av Åkrafjordpølsa, som har halde på sidan 1870.