Ordførarkollegaene Ole Johan Vierdal i Vindafjord og Siri Klokkerstuen i Etne tok i mot forslag på namn til ny storkommune under Etnemarknaden. FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), kollega Siri Klokkerstuen (Ap) frå Etne og resten av styringsgruppa skal drøfte namn i kveld. Bildet er frå då dei tok ein titt på namneforslaga som kom inn under Etnemarknaden. Arkivfoto: Torstein Nymoen

Kan droppe Etne-namnet

Styringsgruppa for kommunesamanslåing av Etne og Vindafjord skal ta stilling til namn på nytt seint tysdag kveld.

Det var Etne Høgre sin gruppeleiar Lars Olav Bergsvåg som fremja interpellasjonen med krav om å gå vekk frå ei beslutning om å kalle ein ny kommune for Etne.

— Det er ikkje så uventa at denne interpellasjonen kjem. Det har vore eit enormt press på å gå vekk i frå det. Ordføraren har ikkje lyst til å vere den som saboterer eit ja til ny kommune. Heller ikkje styringsgruppa. Difor har eg kalla styringsgruppa inn til eit møte i kveld, kunne ordførar Siri Klokkerstuen fortelje kommunestyret like før klokka 19 tysdag kveld.

Styringsgruppa møtes i kveld klokka 21.

— Frå Etne-sida føreslår me at me opphever vedtaket og kjem tilbake til namn etter resultat av folkerøystinga om kommunesamanslåing, sa Klokkerstuen.

Folkerøystinga finn stad komande måndag.

— Om namnet blokkerer for ei kunnskapsbasert avgjerd på spørsmålet om kommunesamanslåing, så er det einaste rette å finne eit nøytralt namn i ettertid, sa Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) i kommunestyret.

Ho la og vekt på at det aldri har vore noko ultimatum frå Etne-politikarane om at Etne skulle vere namnet for å kunne gå vidare i forhandlingane med Vindafjord.