Ferkingstad kunne ikkje stilla lag til avtalt tid og fekk ein ny sjanse av Etne. Den tok Karmøy-laget godt vare på og reiste torsdag heim med eitt poeng etter 2-2 mot ein motstandar som har kjempa i toppen av årets 5. divisjonsfotball. Etne gjekk tidleg opp i leiinga ved Kristoffer Grønstad og hadde god kontroll. Heimelaget auka til 2-0 ved junioren Lukas Chybowski ti minuttar etter sidebyte, og var også fleire gonger nær 3-0. I staden fekk Ferkingstad servert ei redusering ved sjølvmål, og ti minuttar før full tid sat utlikninga i nettet.
Ingen av dei tre lokale laga kan rykka verken opp eller ned, men spenninga om kven som blir best, held seg. Når det står igjen to serierundar har Ølen eit lite overtak.
Tabellen
Lag | Kampar | Poeng | |
1 | Skudenes | 20 | 52 |
2 | Hemmingstad | 20 | 45 |
3 | Ølen | 20 | 37 |
4 | Etne | 20 | 36 |
5 | Vats 94 / Skjoldar | 20 | 35 |
6 | Nord | 20 | 28 |
7 | Kopervik 2 | 20 | 27 |
8 | Karmsund | 20 | 26 |
9 | Leirvik BK | 20 | 21 |
10 | Haugar 2 | 20 | 18 |
11 | Ferkingstad | 20 | 11 |
12 | Vedavåg Karmøy 2 | 20 | 8 |