Ei fersk undersøking utført av Ipsos MMi for alkoholvettorganisasjonen AV-OG-Til viser at over 74 prosent av alle spurde i den landsdekkjande undersøkinga er redd for å møta promillekøyrarar i trafikken. I Etne og Vindafjord er prosentdelen høgare, med 82,9 prosent i Etne og 78,3 prosent i Vindafjord.
Spørjeundersøkinga baserer seg på intervju av til saman 5.098 over 18 år, samla inn i februar og mars 2016. 99 av dei spurde bur i Etne kommune og 109 i Vindafjord. Resultatet viser at dei fleste av oss er bevisst på alkohol og bilkøyring og er uroa over å møta ein promillekøyrar i trafikken. Dagleg leiar i alkoholvettorganisasjonen AV-OG –Til, Kari Randen, er glad for at folk er opptatt av problemet og meiner undersøkinga viser at folk ikkje heilt stolar på sine medtrafikantar.
— Undersøkinga viser eit overraskande og svært høgt tal. Det viser at me ikkje stolar på medtrafikantane våre. Å møta ein promillekøyrar i trafikken er svært risikofylt. Når faren for ulykker og skadar i samband med promillekøyring er så høg som han er, er det heilt naturleg at folk er bekymra, seier Randen.
Særleg på landsbygda, der kollektivtilbodet er dårlegare enn i storbyane og avstandane lange, kan det vera freistande å ty til bilen etter ein fest eller dagen etter eit festleg lag. Det kan få fatale følgjer.
— Avtal med kvarandre om skyss. Det er veldig risiko å køyra med promille både for seg sjølv og for andre. Mange tek ein sjanse dagen derpå, så det er god grunn til at folk fryktar å møta ein promillekøyrar, seier ho.
Ein må vera heilt sikker på at ein er edru før ein køyrer bil
Festmånaden desember
Liknande undersøkingar som er gjort tidlegare viser at éin av ti har køyrt bil og vore usikker på eigen promille, og desember med julebord og jule- og nyttårsfeiring, er ein av månadane året med ekstra mange sosiale tilstellingar der alkohol er vanleg. Då er det særs viktig å passa på at ein ikkje set seg inn i bilen med promille i blodet.
— Å køyra dagen derpå er dumt. Ein må vera heilt sikker på at ein er edru før ein køyrer bil. Desember er ein veldig sosial månad for mange av oss, der julebord, julemiddagar og familieselskap fyller kalenderen. Det er viktig å hugse på at det er vanskeleg å vurdere sin eigen promille dagen derpå. Det tryggaste ein kan gjera er å la bilen stå dagen derpå og når ein har smakt på alkohol. La bilen stå, oppmodar SLT-koordinator i Etne og Vindafjord, Carina Hornenes som trur den høge prosentdelen av folk som er uroa for å møta promillekøyrarar, viser at mange er bekymra for dette.
— Det viser kor viktig det er når såpass mange er bekymra for det. Folk er bevisst på kva som skjer når ein har promille i blodet, seier ho.
Auka alkoholinntak
Å ta seg eit glas vin eller ein øl kvar dag er blitt stadig vanlegare, og forbruket har auka mest blant vaksne.
— Kvardagsalkoholen aukar her til lands. Det er vanlegare å ta seg eit kvardagsglas. Då må ein også tenkja over konsekvensane både i høve til bilkøyring, båt, jobb og born, seier Hornenes.