hjort copy 2

Viltpåkøyrsel

Onsdag like før klokka 18.00 blei ein hjort påkøyrt på E134, like aust for Mørkelikrysset i Etne. Sjåføren, ei ung kvinne, på veg til Etne, kolliderte med hjorten som sprang uti vegen frå nordsida. Bilen fekk skade framme på venstre side og var ikkje køyrbar. Sjåføren var fysisk uskadd, men sterkt berørt. Politi og viltnemnd blei kontakta. Hjorten blei liggjande i vegen sterkt skadd, og måtte avlivast.