Til saman 10 personar har søkt på stillinga som lensmann i Etne og Vindafjord.
ARKIVFOTO
Til saman 10 personar har søkt på stillinga som lensmann i Etne og Vindafjord. ARKIVFOTO

— Antasta av seks menn

Tre jenter midt i tenåra skal ha blitt antasta i Ølen sentrum natt til sundag.

SISTE KLOKKA 14.20 SUNDAG: Alle dei seks mennene blir sluppen fri sundag. Dei er framleis sikta i saka.

Det var klokka 00.30 natt til sundag at tre jenter i 15-16-årsalderen skal ha blitt kontakta av seks menn i Ølen sentrum.

Jentene har opplevd situasjonen som ubehageleg

Jentene har ifølgje operasjonsleiar Andre Skram Hansen ved Sør-Vest Politidistrikt forklart at dei vart kontakata av dei seks mennene, som er frå 17 år og til midten av 20-åra, da dei var ute og gjekk i Ølen sentrum.

— Opplevd som ubehageleg

Jentene skal snart ha følt kontakten som uønskt og prøvd å kome seg unna dei. Då skal dei i følgje forklaringa dei har gitt til politiet ha blitt halde att med fysisk makt av mennene, og vorte utsett for handlingar av seksuell karakter.

Alt skal ha gått føre seg utandørs.

— Då dei kontakta politiet ble dei tatt med til Vindafjord lensmannskontor, kor dei saman med sine verje fortalde kva som skal ha skjedd, opplys Skram Hansen til Grannar ved 10-tida sundag.

Han ønskjer ikkje å gå i detalj på kva dei har forklart.

— Jentene har opplevd situasjonen som ubehageleg, seier opereasjonsleiaren.

Skilnad på forklaringar

Jentene ga i forklaringane sine opplysningar som førte til at politiet ved 4-tida natt til sundag kunne gripe mennene i ein bustad i Ølen.

Alle dei seks mennene er busett i distriktet.

— Fire av dei sikta i sakta har avgitt forklaring og er lausslatt. Eg reknar med at også dei to siste blir lauslatt i løpet av dagen, men dei er framleis sikta for straffbare forhold, opplyser Skram Hansen til Grannar like etter klokka 14 sundag.

Han ønskjer ikkje å seie noko meir om kva dei fornærma og dei sikta i saka har forklart, men seier at der noko skilnad på partane sine versjonar av saka.