Stødleterrassen er saman med Grindheim områda Riksantikvaren peikar spesielt på.
FOTO: ESPEN MILLS/etnebilder.no
Stødleterrassen er saman med Grindheim områda Riksantikvaren peikar spesielt på. FOTO: ESPEN MILLS/etnebilder.no

— Unikt landskap

Etne, med dei markerte terrassane på Grindheim og Stødle, er eit av ni kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Hordaland, meiner Riksantikvaren.

Skal bidra til god forvaltning

Etne-området er eit av ni område som er peika ut i Hordaland som no har fått ein slik status i eit nytt registert. Områda er utpeika av Riksantikvaren i samarbeid med Hordaland fylkeskommune og kommunane.

 – Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse vil vere eit register som skal bidra til god forvaltning av dei norske landskapa vi alle er så stolte av. I rapporten med dei ni utvalde kulturlandskapa i Hordaland, vil ein finne grunngjeving for kvifor områda har nasjonal interesse, seier konstituert fylkeskonservator i Hordaland, David Aasen Sandved i ei pressemelding.

Gjer ikkje vern

Fylkeskonservatoren peikar på at registeret i seg sjølv ikkje gjev noko formelt vern.

­– Men rapportane peiker på verdiane som skal forvaltast, sårbarheit og dei gjev retningsliner for ei god forvaltning av dei unike landskapa. Såleis håpar vi at rapporten vil effektivisere arealplanlegginga ved å skape meir føreseielege rammer, slik at dei neste generasjonane og kan få glede og nytte av dei flottaste kulturlandskapa i Hordaland, seier konstituert fylkeskonservator i Hordaland, David Aasen Sandved i pressemeldinga.

Arbeidet med å lage registeret starta i 2013 etter initiativ frå klima- og miljødepartementet. I forprosjektet samarbeidde Hordaland fylkeskommune med Riksantikvaren og kommunane i fylket.

I 2020 skal heile landet vere med i oversikten over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.

Først i landet

Hordaland og Østfold er dei første fylka i landet som har laga slik oversikt. Dei andre fylka i landet skal etter kvart lage same oversikt i samarbeid med Riksantikvaren.

I Hordaland er desse ni områda med i registeret over kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse:

  • Den Indre Farleia i Austrheim, Lindås og Radøy kommunar
  • Byfjellene i Bergen kommune
  • Fitjarøyane i Fitjar og Bømlo kommunar
  • Søre Bømlo – Hespriholmen i Bømlo kommune
  • Etne i Etne kommune
  • Rosendal i Kvinnherad kommune
  • Indre Sørfjorden i Odda kommune
  • Ytre Sørfjorden i Ullensvang herad
  • Eidfjord i Eidfjord kommune