Ingebjørg Grindheim fra Nedre Vats hadde null rette i Lotto laurdag kveld. Det gjorde ho til millionær. Norsk Tipping trekte nemleg tre ekstra vinnarar, med premie på éin million kroner kvar, mellom rekkene med null rette.
Ein av dei var altså Grindheim.
— Hæ? Har jeg vunne éin million kroner?
Det var ifølgje Norsk Tipping reaksjonen til Grindheim då ho svarte telefonen frå spelselskapet på Hamar fredag kveld.
Same jobb i 29 år
Grindheim var på jobb på Edda Kino i Haugesund då det kimte i telefonen.
— Dette var berre heilt fantastisk! Eg har jobba på kinoen i 29 år, og elskar jobben min. Likevel vart dette ein ekstra fin kveld, seier ho.
Pengane vil ho dele med barn og barnebarn.
Stor førstepremie
Hovudgevinsten for 7 rette tal var på heile 15,6 millionar og gjekk til ein mann frå Ullensaker.
Vinnarsjansen for sju rette i Lotto er om lag 1:5,4 millionar per rekke. Vinnarsjansen for å bli trekt ut blant dei ekstra Lotto-milionærane er 1:5,2 millioner per rekke.