Haugaland og Sunnhordland jordskifterett, som dekkjer 15 kommunar og har kontorstad på Stord, fekk inn 74 nye saker i 2016, medan 46 vart avslutta. Det betyr at saksporteføljen har auka frå 104 til 130 saker, og grunna mangel på dømmande personell kan ein rekna med opp mot 20 månaders ventetid. Om lag tre fjerdedelar av fjorårets saker gjaldt rettsavklaringar og resten gjaldt endringar i arealbruk. Tendensen er auke i reine tvistesaker og sjøeigedomar, medan private vegar utgjer hovudtyngda. Det er også ein aukande tendens til at partane er representerte ved advokat. Arealbyting, bruksordningar, grensegang, rettsutgreiing, sams tiltak, oppløysing av sameige og skjønn etter veglova er sakstypar jordskifteretten har behandla i fjor.