23 tatt i Stordalen

Mange på veg heim frå helgetur blei vinka inn av politiet som hadde stilt seg opp på E134 i Stordelen i Etne sundag ettermiddag for å kontrollera farten. Laserkontrollen gav heile 24 forenkla førelegg. Høgaste fart blei målt til 102 km/t i 80-sona. Éin sjåfør fekk førarkortet beslaglagt på grunn av for mange prikkar. I tillegg blei ein sjåfør anmeldt då han ikkje ville vedta det forenkla førelegget, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.