Det blei oppretta sperring på fylkesvegen i jakta på sjåføren.
MMS-foto: Privat
Det blei oppretta sperring på fylkesvegen i jakta på sjåføren. MMS-foto: Privat

Stakk av etter utforkøyring

Naudetatane rykte ut då det måndag kveld blei meldt om ei trafikkulykke vest for Skånevik. Like etter blei folk i nabolaget bede om å halda seg inne og låsa dørene.

Det var brannmannskap frå Skånevik som først var på åstaden etter melding om ei utforkøyring mellom Skoga og Molnes på Strondavegen. Også ambulanse blei tilkalla. Sjåføren stakk av frå staden og dette skal vera grunnen til at folk som bur i området, fekk beskjed om å låsa dørene.

— Vegen er sperra og me har fått beskjed av brannvesen som gjekk rundt til husa i nærområdet, med beskjed om å låsa dørene, seier ein bebuar til Grannar.

Ifylgje vitne skal ulykkesbilen hatt stor fart då den køyrde frå Skånevik og vestover på den smale fylkesvegen.

Operasjonsleiar Tore Frøyland-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund opplyser til Grannar rundt kl. 22.15 at det er politipatrulje på staden og at dei ennå ikkje har funne sjåføren.

— Det kom inn melding kl. 20.12 om at ein bil køyrde ut av Skånevik utan gummi på det eine dekket, så gnistane spruta. Litt seinare viste det seg at bilen stod i grøfta og at sjåføren hadde stukke av, fortel Frøyland Jensen.

Vegen er sperra på åstaden for å ha kontroll over kven som passerer. Politiet jaktar med hundepatrulje etter sjåføren.

Siste:

Sjåføren blei pågripen av politiet tysdag føremiddag i Skånevik. Lensmann Ingvar Gærde opplyser at mannen og vitne er avhøyrt, og at det blir opp til politijuristen kva som skjer vidare i saka.