Berga poeng på overtid

Vats94/Skjoldar spelte heimekamp mot Torvastad på Skjold Stadion onsdag kveld. Det vart ein jamn og god kamp, der begge laga etter kvart spelte seg fram til gode moglegheiter. Etter ein mållaus første omgang, tok det heile seg opp eit hakk i den andre omgangen. Ein måtte likevel vente heilt til det 76. minutt før det vart nettsus. Det måtte ein straffe til, og Håkon Fosen Jacobsen ekspederte den i mål for bortelaget. Etter det vart det nokre underhaldande sluttminuttar der heimelaget jaga utlikning. Og dei lukkast altså med det heilt på tampen av kampen, då Tore Berakvam Stokka fekk heada ballen dei nødvendige centimeterane over målstreken.

Alt i alt eit rettferdig resultat der Torvastad opna best, men der Vats94/Skjoldar tok meir og meir over. Vats94/Skjoldar ligg framleis på 10. plass, eitt poeng føre Ølen og to poeng føre Etne. Desse to laga har ein kamp til gode, og spelar kampane sine fredag og måndag.

Les meir om kampen i måndagens avis.

Tabell 5. divisjon avdeling 4

  Lag Kampar Poeng
1 Haugar 5 13
2 Vedavåg Karmøy 4 10
3 Skudenes 5 10
4 Leirvik Ballklubb 5 9
5 Hemmingstad 5 9
6 Åkra 2 5 9
7 Stegaberg 5 8
8 Torvastad 6 7
9 Nord 5 7
10 Vats 94 / Skjoldar 5 5
11 Ølen 4 4
12 Etne 4 3
13 Kopervik 2 5 3
14 Sauda 5 0