Ingen poengfangst for Vats94/Skjoldar

Heimelaget burde nok allereide ha leia til pause, men Stegaberg sette inn støtet etter kvilen. To mål på to minuttar av Christoffer Kydland og Torbjørn Steinsland rundt 55 minuttar sendte Stegaberg i ein fortent 2-0 leiing. Resultatet heldt seg heilt til det 90. minutt, då Morten Frøland reduserte på ei heading. Vats94/Skjoldar kunne med litt flaks ha røva med seg det eine poenget på overtid då dei la press på heimelaget. Men slik gjekk det ikkje, og kampen enda  1-2. Vats94/Skjoldar blir ståande med sine fire poeng på ein 10. plass på tabellen.

Les meir om kampen i måndagens avis.