Spelande trenar Stian Haugland med nettkjenning i kampen mot Åkra 2. Her i aksjon i førre heimekamp mot Torvastad. Foto MAGNE SKÅLNES
Spelande trenar Stian Haugland med nettkjenning i kampen mot Åkra 2. Her i aksjon i førre heimekamp mot Torvastad. Foto MAGNE SKÅLNES

Ølen med sterk bortesiger

Både Ølen og Etne har vore til Karmøy fredag kveld og spelt sine kampar i den åttande runden av 5. divisjon. Ølen møtte Åkra 2 som har hatt ein god start på sesongen. Og Åkra 2 tok leiinga i første omgang, men Per Skjæveland utlikna for Ølen. Etter pause sette Stian Haugland og Oliver Vestbø kvar sitt mål for Ølen, slik at resultatet vart 1-3 i gjestene sin favør.

Kopervik 2 har hatt ein dårlig start på sesongen, og stod berre med tre poeng før kveldens kamp. Men Etne fekk ein nedtur etter å ha vunne fire kampar på rad. Heile 4-0 vart det til Kopervik 2, etter 1-0 til pause. Etne brann elles eit straffespark på stillinga 1-0, og klarte ikkje å finna vegen til nettmaskene i denne kampen.

Med desse resultata snik Ølen seg forbi Etne på tabellen på betre målforskjell. Laga ligg nå på 7. og 8. plass, medan Vats 94/Skjoldar står med eine foten i nedrykkstriden med berre tre lag bak seg på tabellen.

Tabellen

Kampar Poeng
1 Haugar 9 25
2 Vedavåg Karmøy 8 19
3 Hemmingstad 9 18
4 Skudenes 9 17
5 Stegaberg 9 15
6 Åkra 2 9 15
7 Ølen 8 12
8 Etne 8 12
9 Leirvik Ballklubb 9 12
10 Nord 9 10
11 Vats 94 / Skjoldar 8 8
12 Torvastad 9 7
13 Kopervik 2 9 6
14 Sauda 9 0