Varm mai

Snittemperaturen i Vats har siste 30 døgn vore på 11,3 gardar, eller 1,8 gardar over normalen, viser statistikk frå Meteorologisk institutt. Høgaste måling på stasjonen som ligg 20 meter over havet, var 24,6 gardar målt 27. mai. Litt regn gav månaden også 87,8 mm, som er ein god del under normalen på 115 mm.

Etne målestasjon kan visa til litt høgare temperatur, 11,7 gardar i snitt og 28,2 gradar på topp 27. mai. Dermed var denne dagen ein av dei varemaste sidan 3. juni i fjor då det blei registrert 28,9 gradar. Både Vats og Etne registrerte også måling på minusgrad i mai.