Fem bortvist

Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund melder om bortvisingar frå Vikedal, grunna rus og dårleg åtferd, under Rootsfestivalen. Mann, 18 år, vart bortvist grunna rus kl. 23.05. Etterkom ikkje dette, og vart anmeldt. Mann, 20-åra, vart bortvist grunna rus og dårleg åtferd, kl. 23.30. Mann, 18 år, vart bortvist. Prøvde gjentatte gonger å ta seg inn på festivalområdet utan billett. Mann, 20-åra, bortvist kl. 01.20. Var plagsam overfor vaktar på staden. Mann, 18 år, bortvist frå Vikedal grunna rus kl. 02.45.