Dei som kom fredag og laurdag skrytte av god musikk og retta ein peikefinger til dei som ikkje kom tidleg og fekk det med seg. BRIS, med vokalist Per Ellingsen, spela for nesten tomt lokale fredag kveld. Foto: Sirianne Vikestad
Dei som kom fredag og laurdag skrytte av god musikk og retta ein peikefinger til dei som ikkje kom tidleg og fekk det med seg. BRIS, med vokalist Per Ellingsen, spela for nesten tomt lokale fredag kveld. Foto: Sirianne Vikestad

Tung start for Sommarfestival

Ungdommen var i fleirtall og festivalen bar preg av at publikum kom seint til bryggedansen.

Fredag kveld starta lokalbandet FYK Sommarfestivalen, dessverre uteblei det store publikummet, og det auka heller ikkje særskilt utover kveldstimane.

Tung start

Fredag kveld spela FYK, FordRecord og BRIS på scena, og jamvel om det store publikummet uteblei, gjorde artistane det beste ut av situasjonen og gav ei flott musikkoppleving til dei som kom for å høyre på banda.

— Me registrerte at 647 billettar vart brukt fredag kveld, men ikkje alle vart verande heile kvelden, og ikkje alle var innom teltet, seier ei skuffa Anja Våg Skjold.

Ho viser til at fredagen bar preg av eit ungt publikum, og at folk kom seint ned til festivalområdet.

— Me konkurrerer mot Skudefestivalen og andre arrangement denne helga, men med vêret som kom som bestilt, hadde me sjølvsagt håpa på at folk kom tidlegare ned i hamna, seier ho og håpa at fleire vaksne ville ta turen innom Vikedalshamna laurdag kveld.

Vinnarlukke på sommarmarknad

Sommarmarknaden og den tradisjonsrike fiskefestivalen på dagtid drog i midlartid fleire folk til bryggekanten. Heile 148 hadde meldt seg på i konkurransen, og det var særskilt to vikedølingar som utmerka seg med hell og lukke denne dagen.

Den eine drog i land ei brosme på over åtte kilo, og vann dermed herreklassen i fiskekonkurransen. Den andre hadde lukka med seg i loddtrekning og vann ein sydentur til ein verdi av 6000 kroner.

Les meir om vinnarane på marknaden og Sommarfestivalen i torsdagens papiravis.