Omega AS skal levere løysingar til Culzean-prosjektet på britisk sektor i Nordsjøen.

Slik er det Culzean-prosjektet på britisk sektor planlagt. Omega AS skal levere løysingar for Maersk Oil North Sea UK sitt prosjekt.

Omega leverer til Maersk

Omega AS skal levere løysingar til Culzean-prosjektet på britisk sektor i Nordsjøen.

av Jon Edvardsen

Omega i Ølensvåg har inngått avtalar for leveranse av spisskompetanse og system til Maersk Oil North Sea UK for samansettinga av plattformene til Culzean-prosjekta. Omega skal bidra med ekspertise innan føreburing, planlegging og gjennomføring i prosjektet, opplyser selskapet.

Til saman tre plattformer og ein lagerinstallasjon blir ferdigstilte på gassfeltet som ligg på britisk sokkel.

Nøkkelpersonell frå Omega er plassert i Singapore der plattformene er under bygging, og Omega si avdeling i Singapore vil jobbe i team med Maersk Oil for å planleggje jobben offshore.

Det danske selskapet brukar i stor utstrekning Omega sitt system Pims til å gjennomføre prosjekt. Gassfeltet Culzean har ein kalkulert verdi på 250-300 millionar oljefat. Omega opplyser ikkje kor stor kontrakten er.