85 passasjerar i fem bussar blei sjekka for bilbelte fredag under ein kontroll på Favnabø i Ølensvåg. Kontrollen var oppløftande; alle sat med bilbelte. Det blei også kontrollert 37 andre køyretøy og 13 sjåførar fekk skriftleg mangel, hovudsakleg på grunn av feil på lysa. I tillegg blei det skrive ut eitt bilbeltegebyr, tre vognkortgebyr og to dekkgebyr.