Arbeidsgjevar Ernst Grindheim takkar Olav Svendsen og Sissel Askvig for rask reaksjon då sjåføren i firmaet hans, Jann Jensen torsdag fall om i Etne og blei sendt til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. Sjefen i Ernst Grindheim Entreprenør AS opplyser at det på sjukehuset ikkje er påvist skade på sjåføren og at han fredag var oppe og gikk. Askvig ringte AMK-sentralen, medan Svendsen sette i gang hjartekompresjon. Det var i 12.15-tida uhellet skjedde og det blei sett i gang full utrykking med politiet, brannvesen og helsepersonell. Sjåføren 40-åra sklei sklei i biltrappa då han skulle gå ned frå førarhytta og skal ha slått seg i hovudet sitt. Politiet føretok avhøyr av vitne og avslutta torsdag dei tekniske undersøkingane på staden.