Mange fekk påpakning

Åtte sjåførar fekk skriftleg påpakning på grunn av tekniske manglar på køyretøyet under ein kontroll i Vindafjord onsdag. Det var Statens vegvesen som stod bak kontrollane som varte til langt ut på kveld, og målgruppa var lette køyretøy med fokus på bilbelte. Dei fleste feila gjaldt lys. I tillegg fekk to bilførar gebyr for manglande bruk av bilbelte. Éin blei meldt til politiet for ikkje å ha nytta godkjent sikringsutstyr til barn. Totalt 78 køyretøy blei kontrollerte, 46 av desse blei stansa for nærare sjekk, opplyser Statens vegvesen.