Set inn sonar i søket

Søket etter Christian Kvamme (28), som vart meldt sakna i Ølen torsdag kveld, har gått føre seg heile måndag, og vil helde fram til det blir mørkt.

LES OGSÅ: Fann tom bil i sjøen

Ressursar frå politiet og Røde Kors har vore i aksjon måndag. Det er gjort søk lands strendene og det er søkt med båtar.

— Me har søkt i indre del av Ølsfjorden og utover mot Dreganes, opplyser lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

Fly måtte snu

Det vart rekvirert fly frå Sola måndag, men dette kom seg ikkje av garde på grunn av dårleg vêr i sørfylket. Ein håpar å få dette på plass tysdag. Då vil politiet i tillegg få på plass ein spesiell sonar som kan kartlegge botnen i Ølsfjorden, opplyser lensmannen.

Antatt omkommen

Gjærde stadfestar at ein formelt leitar etter ein antatt omkommen person. Bilen som 28-åringen disponerte vart funnen i sjøen utanfor hurtigbåtkaia i Ølen sundag ettermiddag.