Chris André Jespersen skuffa etter sesongopninga på Beitostølen. Han får ny sjanse søndag i favorittstilen sin, skøyting.
Arkivfoto
Chris André Jespersen skuffa etter sesongopninga på Beitostølen. Han får ny sjanse søndag i favorittstilen sin, skøyting. Arkivfoto

Jespersen nummer tolv

Skåneviksbuen Chris André Jespersen måtte sjå mange konkurrentar langt føre seg under opningsrennet på Beiotostølen fredag. Skiløparen som representerer Stridheim, kom til slutt på tolvte plass, heile 1,14,2 bak vinnaren, Martin Jonsrud Sundby. Nummer to var Johannes Høstflot Klæboe, medan Hans Christer Holund tok tredjeplassen. Rennet på 15 km gjekk i klassisk stil. Jespersen var tydeleg misnøgd med resultatet etter løpet som gjekk direkte på NRK tv. Jespersen får sjansen til å revansjera seg søndag då tilsvarande distanse skal gåast i skøyting, den stilarten han har hevda seg best i tidlegare. Skåneviksbuen som ikkje er ein del av landslaget, treng gode resultat for å kvalifisera seg til verdscupopninga neste helg. Under søndagens 15 kilometer friteknikk kom Jespersen i mål som nummer 17 medan Simon Hegstad Krueger frå Norge sikra seg gullmedaljen.