På føremiddagen i dag kom spesialskipet Dockwise «White Merlin» inn Ølsfjorden og la til hos Westcon Yard. Dermed var den lange turen frå Hyundai Heavy Industries i Sør-Korea over.
Jobben med å føre dekket over på to mindre skip er venta å ta ei veke før plattformdekket skal til Digernessundet på Stord der det skal koplast saman med understellet på Spar-plattforma.
Første gong
Eitt av desse skipa, «Swift», ligg no på innsida av «White Marlin og seinare kjem det andre skipet og legg seg på utsida.
— Sjølv om Westcon har lang erfaring med store operasjonar, er det første gongen vi er involvert i denne typen operasjon. Vi har førebudd oss godt og ser fram til å starte arbeidet, seier riggsjef Malvin Eide hos Westcon.
Dekket blir overført til dei to andre båtane ved at «White Marlin» seinkar seg ned i sjøen og overførerer tyngda til dei to mindre skipa. Deretter blir plattforma sikra med ei spesiallaga ramme før turen til Stord kan starte.